onsdag 28. mars 2012



I dag fekk eg pakke i posten igjen, heldiggrisen meg vann endå ein give away.   Denne gangen var det  hos bloggen http://barlandobyhand.blogspot.com/.
Ta ein titt innom ho lagar så utruleg mykje fint.

mandag 26. mars 2012

Hekla knapp


Til jakka skulle det vere 3 pynteknapper med trekk i same farge som jakka, det er nok ikkje lett å få tak i, difor tenkte eg at skulle prøve å hekle trekket.

Syns nesten det blir finare enn ein vanleg knapp uten trekk.

Litt dårlege bilde kanskje.

lørdag 24. mars 2012

Strikka jakke


Jakka er nesten ferdig, mangla litt tråd for å gjere den heilt ferdig, det skal vere hekla kant heilt nede.

Spennande prosjekt, kanskje litt for spennande.

Eg skulle bruke madrassting for å sy delane saman, det hadde eg aldri høyrt om før, men eg fann korleis etter eit lite søk på nettet.  Vanskeleg var det ikkje.



søndag 18. mars 2012

Hekla duk


Har lyst å hekle meg nokre små dukar i reolen, har prøvd denne og størrelsen er ganske bra.

Hadde eigentleg tenkt meg ein lang smal duk, men har leita overalt utan å lykkast å finne noko som passar.
Ganske utruleg med så mange mønter som finst.

søndag 11. mars 2012

Jakke


Siste stykket på jakka er ferdig, puh, dette var litt av eit arbeid.

Kjenne litt angst ved tanken på å sette saman alle desse delane.   Ja tankane er mange for om dette kan gå bra, så den som lurer på det same får følge med.


lørdag 3. mars 2012

Pandi


Ein liten billedserie med Pandi som fann seg ein plastpose som var veldig spennande å utforske.