Har laga ein kjole til ei lita prinsesse i Ålesund, og kva passar vel betre enn ein kjole med krone på. Strikka den i størrelse 1 år for å vere sikker på at den ikkje skulle vere for liten.
Kjolen er strikka i Sandnes garn - Mandarin petit (100% bomull)
Baksida.
Slik såg kjolen ut på hefte mix barn. Var mange fine mønster i her.
Kanten nede, rundt armane og halsen skulle vere hekla i turkis farge.
Nærbilde av dei hekla blomstrane som det skulle vere 10 stk av i alt, 5 foran og 5 bak.