lørdag 23. mars 2013

Kortbukse


Ei lita kortbukse, strikka av garnet eg vann for ei tid tilbake.  Eg hadde i utgangspunktet tenkt på sparkebukse, men mønsteret eg brukte som eg fann på nettet, nettopp til dette garnet, var umuleg å forstå siste del.  Prøvde men det blei veldig rar fot.

Det skal vere to knappar til når butikken får inn fleire.



tirsdag 12. mars 2013

Strikka teppe




Då er teppet ferdig, 265 x 126 cm, eg har hatt heile 210 masker på pinne nr. 15 som utgjorde dei 265 cm og så har eg strikka 126 cm.
Puh, litt av ein jobb, men syns det blei ganske fint.
 
Mønsteret er å finne i heftet til Sandnes garn, jul og interiør om nokon skulle ha lyst å prøve.