mandag 15. april 2013

Buksedress og hue



Fann ei oppskrift på Drops sine sider av ein buksedress og hue til baby og har strikka den
 i størrelse 1 - 3 mnd.
 
Settet er strikka i Drops Merino extra fin ull.

 
Mykje fletting, men på begge sider er det perlestrikk, syns det gjorde seg.


lørdag 23. mars 2013

Kortbukse


Ei lita kortbukse, strikka av garnet eg vann for ei tid tilbake.  Eg hadde i utgangspunktet tenkt på sparkebukse, men mønsteret eg brukte som eg fann på nettet, nettopp til dette garnet, var umuleg å forstå siste del.  Prøvde men det blei veldig rar fot.

Det skal vere to knappar til når butikken får inn fleire.



tirsdag 12. mars 2013

Strikka teppe




Då er teppet ferdig, 265 x 126 cm, eg har hatt heile 210 masker på pinne nr. 15 som utgjorde dei 265 cm og så har eg strikka 126 cm.
Puh, litt av ein jobb, men syns det blei ganske fint.
 
Mønsteret er å finne i heftet til Sandnes garn, jul og interiør om nokon skulle ha lyst å prøve.
 
 


onsdag 20. februar 2013

Evighetsprosjekt?


Nei, håper ikkje det, det veks iallefall.  Har til no strikka 2 kg av til saman 3 kg garn av Sandnesgarnet Easy.

mandag 14. januar 2013

Strikka teppe


Det har vore heilt umuleg å legge inn bilder på bloggen min etter nyttår, men endeleg har eg funne løysinga, det var berre å laste ned google chrome.  Tenkte eg ville nemne det i tilfelle andre har problem.

Her er mitt nye prosjekt, eit teppe til Jeanett.
Det skal bli 265 x 126 cm, så eg har eit stykke igjen, pinnane eg bruker er nr. 15.


Elles har eg vunne ein give away for ei god stund sidan, det var på bloggen til  http://tantemaraj.blogspot.no/
Eit nydeleg garn i den flotte fargen i lag med nokre knappar.

søndag 23. desember 2012

mandag 5. november 2012

 
Artig skrue hettehue til Theo og gratis oppskrift fann eg på her:  http://www.pickles.no/artig-skrue-hettelue 
Garnet eg har brukt er Dale Cotinga (70% merionoull/30% alpakka), strikka det med dobbel tråd, trur det vil bli ei god og varm hettehue til vinteren.