Inger Johanne
tirsdag 25. september 2012
Lenge sidan det har komt noko frå denne kanten, men har imellomtida strikka osloanorakken til Theo.
Om han blei slik han skulle veit eg ikkje, har alltid litt problem med å lese oppskriftene. Alt i alt blei eg ganske godt fornøgd.
tirsdag 31. juli 2012
I dag gjekk eg på heia og skulle finne fjellets gull, iallefall i mine auge.
Plukkar og renskar rett i boksane og kvar boks har 700 gram med molter, så då har eg redda julemolta for to år.
Strikking har det blitt mindre med, men har strikka endå eit par vottar, kvifor det blei slik kan jo lesarane få lure på.
tirsdag 17. juli 2012
Eit nydeleg brudepar som har sagt ja i Hana kirke i Sandnes, so no er også yngste datter gift.
Eg fekk lov å lage pynt til middagsbordet og kaffibordet, den eine borddekorasjonen eg laga.
Værgudane var også på vår side, gjorde dagen heilt perfekt, eit koseleg bryllup.
Pandi var i kattepensjonat på Myrmel, har nok ikkje lidd nokon nød, men var veldig glad for å sjå oss igjen.
lørdag 23. juni 2012
Har strikka eit par vottar frå Fru Soleng's oppskriftsbok.
Det skal vere damevottar men mine hender var for store til desse, trur meir dei passar jentehender.
Eg brukte garnet som sto i boka, østlandsgarn.
lørdag 16. juni 2012
Syns eg har hatt ein utruleg flaks når det gjeld give away. Sjå for ein fantastisk premie eg fekk, gleder meg til å prøve det mjuke nydelege garnet.
Vann det på give awayen til
http://strikkedolla.blogspot.com
, ein blogg det er vel verdt eit besøk.
Måtte i tillegg legge inn bilde av prinsen
med den korterma gensaren eg strikka.
fredag 1. juni 2012
Korterma gensar til Theo strikka i Mandarin Petit. Mønsteret fann eg i Familien.
søndag 13. mai 2012
Endå eit par tøfler til Jeanett, litt greitt å ha to par.
Superenkle og snare å lage.
Under er det nye prosjektet mitt, det blir til lille prinsen i familien.
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)