søndag 9. juni 2013

Hekla sokker til baby

 
 
Har hekla eit par små sokker til kjolen, det var ikkje mønster på det i oppskrifta, men fann nokre andre i same heftet, nr 277 Dale garn.
 

fredag 7. juni 2013

Hekla og sydd kjole


 
Syns denne kjolen var så lekker og måtte berre prøve å lage ein, sjølv om symaskina og eg ikkje har heilt rett kjemi.
Utruleg nok så samarbeida vi godt og her er resultatet.
 
Har brukt Dale baby ull på det eg har hekla.

Nokre fine knappar måtte og til.

 
Så no venter eg berre på prinsessa.

tirsdag 28. mai 2013

Strikka vest til Theo



Har strikka ein vest til Theo, ei oppskrift eg fann i Norsk Ukeblad.
 
Sidan elefantar sto på ønskelista leitte eg på nettet og fann desse, som eg syns var litt søte.
Hadde kanskje vore lurt å sy dei på i staden for å strikke dei, men slik blei det då.
 
Har brukt garnet Smart, 100% ull, superwash.




Har vore så heldig og få vere ein av dei tre finalistane på
Pinnekroken med den hakka babyjakka.

 

Avstemning mai - Sikksakk

Takk for flotte bidrag! Denne gangen ble finalistene:
   

  Injosa med en søt hakka babyjakke: 
   

 

mandag 6. mai 2013

Hakka babyjakke

 
Har prøvd meg på ei hakka baby jakke, etter oppskrift eg har fått av svigermor.
 
Jakka er i størrelse 3 -4 mnd. og eg har brukte garnet King Cotton. 
 
 

 

 
Nærbilde av sikk sakk boblene.


mandag 15. april 2013

Buksedress og hue



Fann ei oppskrift på Drops sine sider av ein buksedress og hue til baby og har strikka den
 i størrelse 1 - 3 mnd.
 
Settet er strikka i Drops Merino extra fin ull.

 
Mykje fletting, men på begge sider er det perlestrikk, syns det gjorde seg.


lørdag 23. mars 2013

Kortbukse


Ei lita kortbukse, strikka av garnet eg vann for ei tid tilbake.  Eg hadde i utgangspunktet tenkt på sparkebukse, men mønsteret eg brukte som eg fann på nettet, nettopp til dette garnet, var umuleg å forstå siste del.  Prøvde men det blei veldig rar fot.

Det skal vere to knappar til når butikken får inn fleire.



tirsdag 12. mars 2013

Strikka teppe




Då er teppet ferdig, 265 x 126 cm, eg har hatt heile 210 masker på pinne nr. 15 som utgjorde dei 265 cm og så har eg strikka 126 cm.
Puh, litt av ein jobb, men syns det blei ganske fint.
 
Mønsteret er å finne i heftet til Sandnes garn, jul og interiør om nokon skulle ha lyst å prøve.