søndag 27. februar 2011

Hekla grytelapp-kjole



No er endeleg begge grytelapp-kjolane ferdig, mangla litt turkis garn og tok litt tid å hugse å kjøpe meir.

Tenkte eg skulle legge ut oppskrifta om nokon har lyst å prøve.

Fann den i bladet Familien:

Eg brukte heklenål nr. 3 og bomullsgarn.

Legg opp 19 lm.  Hekle 1 stav i 4. m frå nåla.  Hekle st ut rada.  (Dei 3 første lm utgjer 1. stav).  Snu med 3 lm.  Hekle st ut rada.  Hekle 14 rader til saman.


Skjørt: Start med 3 lm i starten av overdelen, hekle 4 lm, hopp over 2 m, 1 st i neste maske, 4 lm, hopp over 2 m, 1 st i neste maske, rada ut.
Rad 2: 3 lm +  1 st i lm-buen, 1 lm + 2 st i samme bue, 2 st + 1 lm + 2 st i neste lm-bue, rada ut.
Rad 3 til 8: som rad 2.
Rad 9: kjem til 1. lm.  3 lm.  Hekle 5 st i samme bue.  1 fm mellom st.gruppene.  6 st i neste lm.  1 fm mellom gruppene, rada ut.
Rundt armane: 4 st i første rad, hopp over neste rad, 4 st i kvar av dei 2 neste radene.  Det same rundt heile armen.
Rad 2: Fastmasker i kvar stav og mellom stavgruppene rundt heile armen.

Hekle hempe: Start i 6. lm fra armen, hekle lm så lang du vil hempa skal bli, fest med 1 fm i 11. st.  Hekle ca. 20 fm rundt lm-hempa.

3 kommentarer:

Cecilie sa...

Så skjønne dei var :-)

`Hekla` sa...

Å så flott!!! Takker for det. Har lenge hatt lyst til og hekle slike, så jeg får vell gjøre det en dag nå da;)

Cecilie sa...

Å du din luring som vant då, gratulerer. Så kjekt. Må legge ut bilde når du får dei.