fredag 31. desember 2010

Nyttårsprinsen

Nyttårsprinsen, er han ikkje flott.


Bunaden starta eg å strikke på før Theo var født, den er størrelse 1 år, men Theo passar den allereie no vel 8 mnd.

Godt nytt år!


onsdag 29. desember 2010

 Gratulerer med dagen Jeanett, tenk allereie 24 år. 
Jammen går det fort.





torsdag 23. desember 2010

Pandi og julenissane


Eg har kjøpt nissekroppen, men kleda har eg strikka. 

Pandi ser ut til å like dei og.


fredag 17. desember 2010

God Jul til alle

Må julen bli fin og

gi ro i sinnet.

La alle problemer

bli små og forsvinne.

La dagene som

kommer bli gode og fine.

God jul til deg og dine.






tirsdag 14. desember 2010

Julebaksten fortsetter

I går laga eg julemann, litt fleire enn på bildet då, Eg måtte male dei, for det var slik vi gjorde det når eg var liten, då sat eg og min pappa og mala i lag, eit godt minne.

I dag laga eg eplekaker med speltmjøl og det gjekk heilt fint, har ikkje prøvd med det mjølet før.

søndag 12. desember 2010

Julebaksten

Då har eg starta på julebaksten, har laga tønsbergsnipper og vaniljekrans sjølv om det er søndag.  I morgon blir det julemann, har laga deiga og sett den til kjøling.

lørdag 4. desember 2010

Lange stripete sokkar


Då har eg komt eit lite stykke på dei stripete lange sokkane til Jeanett.  Dei skal bli dobbelt så lange før eg kan starte med hælen. 

tirsdag 30. november 2010

Vest

Då er vesten ferdig, syns ikkje den blei så fin men den er varm og god og når gradestokken viser minus 16 må ein ha noke som varmar.

lørdag 27. november 2010

Adventsduken



Då er huset vaska og pynta til 1. advent.  Syns eg måtte vise den fine quilta duken vi vann på ein basar i fjor, som ei dame frå Gaular har laga.  Nydeleg mønster og fargesamansetning.

onsdag 24. november 2010

Besøk frå Rogaland

Då var besøket av Jeanett, Cecilie og Theo over for denne gang, gjekk så altfor fort.  Måtte legge ut litt skrytebilde, eit av Jeanett og Theo og eit av mormor og Theo som hadde sine daglege gåturar mellom kjøkken og staue.  Det var populært.


mandag 22. november 2010

I dag fekk eg lov å ta bilde av Jeanett i hua, sidan ho var sjuk i går, syns ho blei riktig så fin.

søndag 21. november 2010

Hekla hue


Jeanett ønskte seg og ei kaktus hue, men ho ville ha den i svart og kvitt.  Hua var rask å hekle.  Om nokon skulle vere i tvil så er dette Cecilie.



Denne kaktus hua har eg hekla til Cecilie for lenge sidan.


fredag 12. november 2010

Dagen står der i din dørssprekk.
Venter på å komme inn.
Full av blanke, rene sider med
all verdens farger til.
 
Hvordan kan du utnytte
denne gaven du har fått.
Du må velge varme farger!
Ikke farge arket grått
 
Du må bruke dagens timer
til å være positiv.
Gled mennesker du møter
gi oppmuntring og et smil.
 
Uansett så må du huske
at når dagen er forbi,
har de ting du sa og gjorde
tråkket opp en liten sti.
 
Det er opp til deg å styre
hvor den stien fører hen.
Ønsket er at jeg som ser den
kan se sporet av en venn.

Ukjent
 

 

 

lørdag 6. november 2010

Pandi

Matmor og Pandi har seg ei kosestund
Matmor har til og med fått laga seg ei t-skjorte, syns den blei riktig så fin.

Seglbåten vår

I dag var vi og tok seglbåten på land, kom på at vi burde hatt bilde av seansen, men det blei gløymt og det vart ligg langt å køyre heilt tilbake til Sande.  Det var mykje arbeid med å rigge ned masta, den forrige eigaren hadde til og med brukt spikar i staden for orepinnar, så Svein kjempa ein hard kamp.  Krybba som vi kjøpte i Haugesund fungerte heilt perfekt, så no står båten på kaia i Bygstad.

søndag 31. oktober 2010

Ferieveke på Playa del Ingles

Ja slik var det, sol heile veka, gradestokken viste frå 25 til 29 grader. 
Her står eg framfor hotellet Las Dalias heimreise dagen, eit lite fint hotell som kan anbefalast.  Reint, ikkje trafikkstøy og kort veg til stranda.
Frå ein av dagane på stranda, det var ein del vind, heldigvis vil eg sei.

tirsdag 19. oktober 2010

Vest

Mitt neste prosjekt er ein vest, strikka av puddelgarn.  Går veldig fort å strikke når ein brukar pinnar nr. 15, og har skjønt kva mønsterlagaren har tenkt, det kan vere ei nøtt til tider.  Har strikka bakstykket og er i gang med det eine forstykket.

søndag 17. oktober 2010


Då var vi igjen komt til Sande og striskjorta må på igjen.  Ein herleg sjarmør som det var trist å forlate, snakk om å vere sol nesten heile dagen. Han var eit syn i gensaren og hua som farmor har laga.