søndag 27. februar 2011

Hekla grytelapp-kjole



No er endeleg begge grytelapp-kjolane ferdig, mangla litt turkis garn og tok litt tid å hugse å kjøpe meir.

Tenkte eg skulle legge ut oppskrifta om nokon har lyst å prøve.

Fann den i bladet Familien:

Eg brukte heklenål nr. 3 og bomullsgarn.

Legg opp 19 lm.  Hekle 1 stav i 4. m frå nåla.  Hekle st ut rada.  (Dei 3 første lm utgjer 1. stav).  Snu med 3 lm.  Hekle st ut rada.  Hekle 14 rader til saman.


Skjørt: Start med 3 lm i starten av overdelen, hekle 4 lm, hopp over 2 m, 1 st i neste maske, 4 lm, hopp over 2 m, 1 st i neste maske, rada ut.
Rad 2: 3 lm +  1 st i lm-buen, 1 lm + 2 st i samme bue, 2 st + 1 lm + 2 st i neste lm-bue, rada ut.
Rad 3 til 8: som rad 2.
Rad 9: kjem til 1. lm.  3 lm.  Hekle 5 st i samme bue.  1 fm mellom st.gruppene.  6 st i neste lm.  1 fm mellom gruppene, rada ut.
Rundt armane: 4 st i første rad, hopp over neste rad, 4 st i kvar av dei 2 neste radene.  Det same rundt heile armen.
Rad 2: Fastmasker i kvar stav og mellom stavgruppene rundt heile armen.

Hekle hempe: Start i 6. lm fra armen, hekle lm så lang du vil hempa skal bli, fest med 1 fm i 11. st.  Hekle ca. 20 fm rundt lm-hempa.

fredag 25. februar 2011

Nålepute

Skal ikkje påstå at eg er like kreativ som figuren under, men syns eg har fått laga mykje i dag.  Denne nålputa har eg lenge hatt lyst å prøve meg på, fann den på bloggen til vibbedille, var veldig snar å lage. 

Stripete sokkar til Jeanett

Då er den eine stripete sokken ferdig, kanskje eg kjem eit stykke vidare med sistemann, samtidig som eg får med meg VM på ski.


torsdag 24. februar 2011

Gratulerer med dagen

I dag måtte bloggflagget til topps igjen for idag er det Thomas det gjeld.  Gratulerer med dagen!

onsdag 23. februar 2011

Barnehagegensaren ferdig

Eg har fri denne veka så det har gått i nedvask av stova, men litt strikk må det bli innimellom.  Så no er barnehagegensaren ferdig, har aldri strikka ein gensar med så mykje plukk, anbefaler ikkje å strikke denne modellen.


lørdag 19. februar 2011

Gensaren sydd saman

Då er gensaren sydd saman og klar for å strikke hetta, sidestykka som er rett og vrang gjer at gensaren blir elastisk.  Blei ganske godt fornøgd sidan eg ikkje har sydd saman så mange gensarar.  Kvar gong eg set meg til symaskina kjem tankane til tida då vi MÅTTE sy busserull på barne- og ungdomsskulen.  Eg var ein av dei som ikkje syns noko om den sysselen.

torsdag 17. februar 2011

Siste delane til gensaren



Då er dei siste delane ferdige, no gjenstår å sette i hop, strikke hetta og sy mønsteret framme på gensaren.  Litt usikker om eg gledar meg til den delen, syns det blei litt mykje bitar.

tirsdag 15. februar 2011

Maling av bilde

Då har eg tatt fram staffeli og malarkost og skulle prøve meg som malar, men har nok funne ut at noke kurs kanskje er på sin plass.  Det var likevel litt moro å prøve, og om nokon skulle vere i tvil, så prøvde eg å male amoryllis blomsten som hadde noke sein blomstringstid.

lørdag 12. februar 2011

Fleire deler til gensar


Då er fleire deler nesten ferdig, forstykket og siste sidestykket er ferdig og første arm er snart ferdig.  Armen tok si tid å strikke sidan det er 2 vranga og 2 rette heile vegen opp.  Figuren er til ære for Cecilie.

mandag 7. februar 2011

Gensar

Då har eg komt eit lite stykke på gensaren til Theo, vart veldig mange deler.  Har strikka eine sidestykke og ryggstykke, har i tillegg starta på framstykke.  Første gang eg har strikka gensar med sidestykke, spennande å sjå om eg får det til slik at det blir fint.

lørdag 5. februar 2011

Stener som ruller


Stener som ruller

Ingen kan ta tilbake

ord som ble sagt for hardt.

Farlige stener som ruller

nedover fjell i fart.


Stener som ruller, river

flenger i grus og jord

Sårene blør i hjerter,

rammet av harde ord.


Kast ikke skarpe stener.

Følsomme hjerter får mèn.

Etterpå ligger blomster

knust under grus og sten.

~ Dagny Tande Li

torsdag 3. februar 2011

Sertifikat

I dag måtte bloggflagget til topps, Christian har klart lappen, så no er det slutt på trasking. 

Gratulerer.