tirsdag 31. mai 2011

Starten på vesten


Då er eg i gang med vesten, syns det blei riktig fint med fletterand, og garnet er berre heilt nydeleg å strikke. Kan anbefalast.

mandag 30. mai 2011

Garn til vest

Då har eg fått rett garn, Viking garn, det forrige såg eg med ein gong eg prøvde at dette går ikkje.  Slik er det når ein lar mannfolka kjøpe garn.  I Førde har vi ein bitte liten butikk som heiter Trapp Ned og dei hadde rette sort garn med unntak av turkis, men det skulle ho bestille.
  Utruleg kor mykje dei hadde klart å få inn på den butikken, mykje fint å sjå, blir nok fleire turar der.

lørdag 28. mai 2011

Vest

Mitt nye prosjekt, ein vest, som eg fann i bladet Familien. 
Skal strikke det i Gjestdal Baby Bomull, var ikkje det som sto i mønsteret, men håper det går likevel.  

fredag 27. mai 2011

Caps

 Har prøvd meg på ein caps, fann den på bloggen til mirrevirre.  Oppskrifta ligg på Ravelry.  Er ikkje so god i engelsk, men tenkte eg skulle prøve meg likevel og slik blei resultatet.  So gjenstår det å sjå om den er passeleg til Theo.


tirsdag 24. mai 2011

Gensar

Yes, omsider er gensaren ferdig, utruleg deileg følelse.  Kunne kanskje ha vore bittelitt større, men er godt brukande.


lørdag 21. mai 2011

Pandi

Her er ein som nyte livet i all slags stillingar.  Finst det noke finare dyr enn katt?  Ønsker alle ei god helg!

søndag 15. mai 2011

Planting av blomster i hagen

Har planta litt i hagen, margerittane fekk dessverre frostskader, men dei blir nok bra berre dei får litt tid på seg.  Slik er det når ein bur på Vestlandet og ikkje klarer å vente med å setje ut.

lørdag 14. mai 2011

Gensar

Då er ein gensararm ferdig, føltes uendeleg langt å strikke før eg blei ferdig.  Er utruleg spent på korleis gensaren blir til slutt.  Om det blir eit plagg eg vil bruke eller om det blir skap plagg.  Må sei at eg håpar det første, for eg fann prislappen på det eg hadde kjøpt og det blei den nette sum av ca. 800 kr, då var strikkepinnane med i beløpet.

fredag 6. mai 2011

Pandi

Her var det ein som hadde funne ut at stolen til Theo var veldig god å ligge i.

torsdag 5. mai 2011

Investering i nye sko

 I dag har eg vore på byn og handla nye sko, eg fann desse på Økonomisko, syns sjølv dei var kjempelekre og praktiske med glidelås bak.  Var veldig fine til dongeribukse som er mitt yndlingsplagg.
 Tenke eg skulle legge ut den fine blomsteroppsatsen som Svein fekk til 50-års dagen av familiane Vik og Liseth, ein nytelse for auget.

søndag 1. mai 2011

Gensar

 For tre år sidan var vi i Kalvåg på ferie med seglbåten og skulle vere der nokre dagar.  I mangel på handarbeid, fann eg ein liten garnbutikk.  Utvalet var ikkje stort, men strikk måtte eg ha og enda då opp med garn til denne gensaren.  Var vel ikkje heilt fornøgd, difor har eg ikkje gjort gensaren heilt ferdig, men no ......  Eg har strikka framdelen og bakdelen og har kun armane igjen, så det skulle vere overkommeleg.