lørdag 29. oktober 2011


Det går framover, manglar 16 stk. så har eg 200 rundingar.  Har bestemt meg for at eg ikkje skal ha det liggande som desse berømte ufoane.


Sjå kor Pandi kosar seg etter lang dag ute og god og mett.

Stauebordet er ein av yndlingsplassane av alle ting.


fredag 21. oktober 2011

Dikt





God helg!
 

Om alle tre var like
Om alle tre var like
og alle blomar blå
og alle fuglar svarte
og alle dyra grå,
det trur eg ville gjera
oss meir enn vondt å sjå.

Om vi var like store
og gjekk i like klær
og om vi alltid hadde
kvar dag det same ver -
Det ville vera meire
enn trist å leva her.

Om alle hus var like,
med same mat på bord
og om vi tala saman
alltid dei same ord –
då vart det liten trivnad
her nede på vår jord.

Nei, dette rike mangfald
vi kringom oss kan sjå
av ymse dyr og fuglar
og tre og blom og strå –
At alt er skapt så ulikt,
er godt å tenkje på!

Jan Magnus Bruheim

lørdag 15. oktober 2011

Hekla duk

Denne veka har eg hatt haustferie og fått gjort utruleg mykje både inne og ute.  I tillegg har det blitt 105 rundingar ferdighekla, då er det berrrre 165 igjen.

Nokon som misunner meg?

torsdag 13. oktober 2011

Lilla lysmansjett


Då har eg lage endå ein lysmansjett, denne gangen i fargen lys lilla.



søndag 9. oktober 2011

Hekla lysmansjett


Tenk i går fekk eg heftet med mønster til lysmansjettane, Gjestal AS hadde sendt dei til meg.  Den som måtte prøve det var meg, syns resultatet ikkje blei så verst. 

Dei skal spraystivast, men det hadde eg ikkje heime så det får bli til seinare.



torsdag 6. oktober 2011

Hekla duk



Eit nytt hekleprosjekt, Cecilie hadde lyst på kvit duk til salongbordet, den forrige eg laga vart litt liten, difor prøver eg på nytt.  Det skal vere 270 rundingar med kant rundt etterpå.
Duken skal då bli 36 x 88 cm. 
Det kjekke er at eg kan mønseret utanåt, greitt når ein skal sjå litt fjernsyn.

lørdag 1. oktober 2011

Etterlysning - mønster til lysmansjett

http://www.familienslillebutikk.no/WebRoot/Artisti1/Shops/familienslillebutikk/MediaGallery/Gjestalhefte_strikke_design_no1010.pdf

Etterlyser mønster til lysmansjett som sto i eit hefte frå Familien, legg ved nettadressa, lysmansjetten er på side 4.  Prøvde å få kjøpt hefte frå familien butikken, men fekk beskjed om at det var utseld og dei ville ikkje få det inn igjen. 
Nokon som har det og vil dele det med meg?  Eg vil betale for mønster og porto.