fredag 30. juli 2010

Hue og vottar

Dette har eg laga for ei stund sidan, tenkt til Theo, men må først ha litt stoff i hua før bruk.  Ei gammal oppskrift eg har hatt liggande på vent til eg fekk nokon eg kunne strikke til.

Gryteklut-kjole

Denne gryteklut-kjolen laga eg i går, fann oppskrifta i Familien og fekk så lyst å prøve om eg fekk det til.  Hugsar så godt besta på Bakkane laga slike, men då med eit ansikt i, syns alltid dei var så fine.  Vi får sjå om det blir ein til.

torsdag 29. juli 2010

Pandi

Her er min andre stoltheit, hannkatten Pandi.  Opprinneleg haugesundar, kom som julegave frå Jeanett jula 2008.  Han har vore på segltur frå Oslo til Sunnfjord og i år vart det tur i bubil til Haugesund/Sandnes, men utan tvil vart seglbåten best likt.

Barnebarnet Theo

Barnebarnet Theo måtte komme først i bloggen min, er det rart vi er stolte.