søndag 30. januar 2011

Juleduken

Då er eg komt eit hakk lenger sidan sist, men fortsatt mange sting og teljingar igjen.

lørdag 29. januar 2011

Pandi

<><>
<>
<><>
Skulle ikkje tru at vasken var nokon god plass å sove i, men Pandi syns tydelegvis noko anna.

Gensar til Theo


Mitt nye strikkeprosjekt, barnehagegensar til Theo.
I går var eg i Bergen for å passe barnebarnet Theo i 3 timar, medan mammaen som var invitert med Gjertrud for feiring av ferdig studium.  Det gjekk veldig fint og vi kosa oss med å gå mykje tur ute og gå å sjå litt i butikkane, ein pause med kanelsnurr vart det og til stor begeistring for Theo, tydeleg at dette var godt.  Ein tur på leikebutikken vart det og, men toget var ikkje so populært som kanelsnurren, trur eg.  Ein uforgløymeleg dag for besta.

søndag 23. januar 2011

Sokkar til Theo


Då har eg strikka sokkar til Theo i helga i påvente av garn for å bli ferdig med dei stripete sokkane til Jeanett..

torsdag 20. januar 2011

Bilde på sida til TV2 - Tid for hjem



Ekornbildet har eg lagt ut på konkurransen tid for hjem.
BLIR KJEMPEGLAD OM NOKON STEMMER PÅ MEG :)
 http://www.tv2underholdning.no/tidforhjem/

mandag 17. januar 2011

Strikka mansjett til ein av medaljebukettane til årets VM

Då er mansjetten ferdig strikka og fyk av gårde til TV2 i morgon, om andre har lyst å sende inn finn de oppskrifta på nettesidene til TV2. 


lørdag 15. januar 2011

Tjuende dag Knut jagar jula ut

Sidan juletreet holdt seg så fint i år, tenkte eg at vi skulle ta ut jula etter utsegnet, tjuende dag Knut jagar jula ut.  Det som var uvanleg med treet i år er at det hadde laga seg nye skudd over heile treet.  Sikkert ikkje eineståande, men for oss var det det, noko vi ikkje har opplevd før, kun høyrt andre som har klart.

fredag 14. januar 2011

Lampar

Var innom ein lampebutikk i dag og dei selde ut til nedsatt pris, klarte difor ikkje å halde meg og måtte kjøpe denne lampen, eller det blei to slike. 


Hekla duk


Då har eg laga duken ferdig, fann ut eg skulle bruke ideen til svigermor, om å ta ei sølvfarga rand rundt og slik blei resultatet.  I alt blei det 15 ringar.

søndag 9. januar 2011

Sommarfuglar

Var innom nettet i går og fann denne oppskrifta på sommarfuglar, var på engelsk, litt vanskeleg å forstå for meg då, men prøvde likevel.  Eg hadde ikkje rett tråd eller heklenål, slik at den blei noko mindre enn den skulle vere.  Var veldig rask å lage.  Vart litt dårlege bilder.



lørdag 8. januar 2011

Hekla duk


Har laga denne duken til eit bord i gangen, ein meir heilårsduk.




torsdag 6. januar 2011

Hekling


Hekleprosjekt eg starta med i jula, har no laga 10 stk., men må nok ha minst 5 til.  Tenkte eg skulle ha det på ei smal hylle i trappeoppgangen, men det blir neste jul.  Usikker på om eg skal  hekle noko rundt med ein annan farge, har ikkje heilt bestemt meg.