onsdag 30. november 2011


I dag var det konkurssal på ein lampebutikk, og då måtte vi inn å sjå om det var litt godbitar.  Fann denne oljelampen, syns den var riktig fin og kjøp blei det.  I tillegg til ein lampe på badet.

Duken den står på har svigermor sydd, nydeleg duk.

lørdag 26. november 2011

Pandi


Ønsker ei god adventstid for både tobeinte og firbeinte.

På handarbeidsfronten går det for tida i lysmansjetter så det blir lite å blogge om.




søndag 13. november 2011

Kremmerhus


I dag har eg laga eit lite kremmerhus, fann oppskrift i Familien, laga av kun luftmaske og fastmaske.

Ikkje stor og snar å lage.
Starta med 4 lm med fm i dei og så auka eg opp etter kvart.

lørdag 12. november 2011

Ein til lysmansjett er laga, har minska mønsteret litt, syns den vart litt for rom rundt lyset.  Trur den skal blir bra når eg får stiva den. 

God helg!


Et smil er som
hvile for den
trette, dagslys
for den motløse,
solskinn for
den triste og
velsignelse i
vanskelige tider.

Ukjent

tirsdag 8. november 2011

Hekla duk

Då er duken ferdig, heile 230 rundingar blei det + 9 omgangar rundt med luftmasker festa med fastmasker.


Dekker faktisk nesten heile salongbordet.

Hekla med DMC Petra heklegarn.  Gjekk med 200g tråd.

Oppskrifta fann eg i eit hefte frå Sandnes garn, der har dei hekla med mandarin heklegarn.


torsdag 3. november 2011

Pynt på lysmansjett


I dag var eg innom Trapp Ned for å kjøpe perler som eg kanskje kunne bruke på lysmansjettane, då fann eg desse banda, syns dei var utruleg fine.