søndag 26. juni 2011

Hue

Eg har laga ei hue, tenkt til ei tenåringsjente, er strikka i Easy Sandnes garn på pinna nr. 8.  Fargane er kvitt og lilla, ser kanskje ikkje slik ut på bildet.  Blei veldig mjuk og god.
Oppskrifta og garnet kjøpte eg på Domus i Førde, designa av Liv Stangeland.


Tenkte eg måtte ha litt sol på bloggen sidan vi ikkje får noko ellers.

torsdag 23. juni 2011

Theo

Sommarstrikket mitt er vest og shorts til barnebarnet og bildet er tatt ute i hagen deira. 
Settet er strikka i Viking garnet pure MILK fiber, og det blei eit utruleg mjukt og godt sett.  Syns det gjorde seg med fletting på brota.  Oppskrifta den har eg funne i bladet Familien. 
Sjå den staute karen, er han ikkje flott.





onsdag 22. juni 2011

Hekla duk


Då er første og største duken ferdig, har laga 3 ekstra omgangar, syns den blei litt liten uten, på eit stort salongbord.  Lurer på om eg skal stive den, for at eg skal få kanten heilt ute til å bli fin.  Det skal vere litt vimp.
Her ser ein lettare størrelsen på duken.

lørdag 18. juni 2011

Hekla duk

 Jeanett ønskte seg hekla dukar i turkis farge.  Denne oppskrifta har eg funne i Ukeblad for lenge sidan, syns duken er veldig fin.  Eg har prøvd meg på eit garn som heiter Viking bjørk, bomullsgarn, ikkje lett å finne heklegarn i turkis farge.

fredag 17. juni 2011

Kortbukse, caps og vest

Då er kortbuksa ferdig, så på mandag blir det post til Theo i Haugesund.

 Capsen har fått eit lite merke på seg, syns den blei litt tøffare då.

mandag 13. juni 2011

Kortbukse til vesten

Er ferdig med beina til kortebuksa, måtte bruke lilla i staden for turkis, som ikkje var råd å få tak i meir. Syns fargen er ganske fin. Skal legge ut resultatet når eg er heilt ferdig med buksa.






lørdag 11. juni 2011

Vest til Theo

 Då er vesten til Theo ferdig, kun buksa igjen. 
Tok litt tid å lage ferdig arm- og halskanten, så gjenstår det å sjå om den passar, men det trur eg.
Nærbilde av maskestinga.


God helg til alle som er innom!



fredag 10. juni 2011

Pandi

Då har Pandi vore til veterinær, det viste seg at han hadde fått eit bitt over poten, som var sterkt betent.  Stakkaren klarte ikkje å stige på poten.  No har han fått medisin og i løpet av ei veke er han nok frisk og rask igjen. 
Det første han gjorde då vi kom tilbake frå veterinær var å sette til livs ei heil skål med mat, men han flata litt ut med føtene.  Balansen var ikkje heilt god etter bedøvinga, men mat ville han tydlegvis ha.
Vi hadde tenkt oss til Haugesund i pinsa, men sidan dette skjedde måtte vi vere heime og passe på Pandi, veterinæren frarådde oss det p.g.a. altfor stor påkjenning for han. 



torsdag 9. juni 2011

Pandi

Stakkars Pandigutten, det har hendt eit eller anna med venstre foten hans.  Det skjedde ute på onsdag,  korleis det er blitt slik er vanskeleg å vite, men Pandi er veldig pjusk og vil berre ligge.  So i morgon skal vi på veterinærbesøk for å finne ut kva det er.
Han fekk låne matmor sin stol og eit teppe under hovudet, og det såg det ut til at han sette pris på.

lørdag 4. juni 2011


Då er ryggen til vesten ferdig, ser ut som det kan bli rett størrelse til Theo, ikkje for liten, men heller ikkje for stor.  Veldig godt garn å strikke, men går ikkje så fort når det er så tynt garn.  Mønsteret skal syast med maskesting, det blir spennande å sjå om eg får fint til.


God helg til alle som er innom!