onsdag 10. desember 2014

Hekla brikker


Då er kjøkken brikkene til Jeanett ferdig, seks store og sju små.
Ho ville helst hatt dei litt større, men var vanskeleg å finne mønster, enten blei dei for store eller så for små.
Difor vart det til at eg laga sju små til glas og karaffel.



Hekla i DMC Petra.



Bilde frå kjøkken bordet.




søndag 26. oktober 2014

Hekla duk


Jeanett ville ha brikke til kjøkkenbordet, men fann ut at denne blei litt for stor, så då blei det duk på det fine bordet som Christian har laga.


onsdag 24. september 2014

Strikka kortbukse med smekke og selar

Strikka nok eit lite plagg til Tilde, ei kortbukse med smekke.
Kjøpte mønsteret hos Hilde V. Hagen.
Brukte garnet Rubin superwash og eit par søte knappar måtte til.




lørdag 13. september 2014

Sko med snøring

Prøvde meg på eit par små sko med snøring, brukte Merino ull, så det burde passe til Tilde som frys på føttene.


tirsdag 8. juli 2014

Hekla duk



Ein hekla duk som eg fann i Familien nr. 11/2014.  Veldig enkel og kjapp og lage.
 
Hekla med heklenål nr. 2 og heklegarn DMC Petra.


onsdag 14. mai 2014

Hekla kyse


Såg ei hekla kyse som eg syns var så fin, og brukte bilde som oppskrift.
Vart nok ikkje like fin som den eg såg.
 
 


mandag 5. mai 2014

Strikka vottar

 
Har strikka meg eit par votter til vinteren, lenge til vinteren, men greitt å ha dei klar.
 
Oppskrifta fann eg i fru Solengs oppskriftsbok.

 
Garnet er har brukt er Rauma garn, gammelserie 2 tråds, 100% rein ull.

onsdag 23. april 2014

Mariusgensar

 
Då er Mariusgensaren til Jeanett ferdig og sendt i posten i dag.
 
Har strikka den i grått og kvitt i Smart garn frå Sandnes.
Litt spesielt med brotet som er strikka i perlestrikk, det har eg ikkje sett før.


tirsdag 11. mars 2014

Strikka babydress

 
Då er den strikka dressen til Tilde ferdig, denne gang i kvitt. 
Har strikka ein slik i rosa tidlegare, mammaen til Tilde syns den var så god at ho ønskte seg ein til.
 
Eg har strikka den i størrelse eitt år og brukt garnet Merino extra fine.



Har sett i hello kitty knappar, syns dei var litt søte.

 
Hue måtte og til.

 
Her er fletting og perlestrikk, syns det er ein flott kombinasjon og gir god passform.
 
 
Har i tillegg vunne ein give away, 4 nøster med dette flotte garnet på bloggen til http://rettogvrangstrikk.blogspot.no/
 
Har fått det for lenge sia, men PC en heime er litt vrang for tida.
http://rettogvrangstrikk.blogspot.no/

søndag 5. januar 2014

Strikka kjole



Strikka prinsesse kjole frå bladet Mix barn av Sandnes garn.
 
Det meste er strikk med unntak av at det er hekla ein tunge kant rundt nede og oppe.  I tillegg er det hekla fem blomster som er festa jevnt fordelt foran.
Garnet eg har brukt er Mandarin petit.
 
Kjolen har eg strikka ein gong før, men det var eit ønske om ein slik til lille Tilde og.