torsdag 21. juli 2011

Hagearbeid

I dag har det vore kun hagearbeid, eg har spadd vekk torv/gras langs eine sida på huset, so no er er berre litt igjen i nedkant.  Bringebærbuskene skal vekk, men ikkje før eg har fått ete opp bæra.
Lurte på å legge singel der så slepp ein å ha gras heilt inn til husveggen. 
Trur det blir bra, men om ein hageinteressert les dette og har ein annan god ide, blir eg veldig glad.


Svein som støyper på oppsida av huset, vi skal legge ei rist for å unngå at vatnet kjem inn i kjellaren.



onsdag 20. juli 2011

Hekla dukar


Yes, då er alle tre dukane ferdig, eller seks tilsaman.  Då er det berre å håpe at dei passar inn i leilegheta.  Kryssar fingrane ellers går dei til høgsbydande.

mandag 18. juli 2011

Endå ein hekla duk


Det har blitt mykje hekling på meg, so no er duk nr. 2 av denne sorten er ferdig, kun ein igjen.  

fredag 15. juli 2011

Hekla duk



Då har eg lage ein duk til, nummer tre.  Litt dårleg underlag så dei blei litt mørke bilde.
Duken under har eg sidan i går laga kant rundt.
 

onsdag 13. juli 2011

Hekla duk


Har hekla ein liten duk i fargen som Jeanett ville ha, den er 45 cm, men då uten kant, så den blir vel nærmare 50 cm ferdig.  Så no får du ta mål, Jeanett.






tirsdag 12. juli 2011

Marius hue

Då er endå ei hue i hamn, Mariushue til Theo, strikka i Alfa - Sandnes garn.  Eg har laga to øyreklaffer etter ønske frå mor, dei skulle i utgangspunktet ikkje vere der, men slett ikkje dumme når det er hue til slike små.



T-skjorte


Eg fekk overraskelsespakke frå Theo i dag, snakk om fin t-skjorte.  Nokon som er i tvil kva arbeidsantrekket mitt blir i morgon, ikkje eg.

fredag 8. juli 2011

Hello Kitty hue


Har lenge sett på denne hua og hatt lyst å prøve strikke den og so tenkt so gjort.  Har brukt Gjestdal baby ull, oppskrifta fann eg på bloggen til smoochiemonsters.
Eg tenkte denne hua skal fare østover og bli ein overraskelsespakke til ei lita jente på eit par år som eg er gamletante til.




onsdag 6. juli 2011

Clematis


Clematis blomsten står og kosar seg i solveggen med fleire blomst.  Nyt sola slik som eg, tenk ein heil dag fri og at det i tillegg er fint vær, kan ein få det betre.  Håpar andre bloggarar er like heldig.






mandag 4. juli 2011

Hue


Har laga nok ei hue, då i ein annan farge og forandra litt på stripene.





Måtte vise eit bilde av begge huene.



søndag 3. juli 2011

Hekla duk nr. 2




 Duk nr 2 er ferdig, den har rett størrelse etter mønsteret, den under har eg lagt til med 3 runder for å få den litt større.  Den har eg stiva det har eg ikkje gjort med den øverste endå.