fredag 31. desember 2010

Nyttårsprinsen

Nyttårsprinsen, er han ikkje flott.


Bunaden starta eg å strikke på før Theo var født, den er størrelse 1 år, men Theo passar den allereie no vel 8 mnd.

Godt nytt år!


onsdag 29. desember 2010

 Gratulerer med dagen Jeanett, tenk allereie 24 år. 
Jammen går det fort.





torsdag 23. desember 2010

Pandi og julenissane


Eg har kjøpt nissekroppen, men kleda har eg strikka. 

Pandi ser ut til å like dei og.


fredag 17. desember 2010

God Jul til alle

Må julen bli fin og

gi ro i sinnet.

La alle problemer

bli små og forsvinne.

La dagene som

kommer bli gode og fine.

God jul til deg og dine.






tirsdag 14. desember 2010

Julebaksten fortsetter

I går laga eg julemann, litt fleire enn på bildet då, Eg måtte male dei, for det var slik vi gjorde det når eg var liten, då sat eg og min pappa og mala i lag, eit godt minne.

I dag laga eg eplekaker med speltmjøl og det gjekk heilt fint, har ikkje prøvd med det mjølet før.

søndag 12. desember 2010

Julebaksten

Då har eg starta på julebaksten, har laga tønsbergsnipper og vaniljekrans sjølv om det er søndag.  I morgon blir det julemann, har laga deiga og sett den til kjøling.

lørdag 4. desember 2010

Lange stripete sokkar


Då har eg komt eit lite stykke på dei stripete lange sokkane til Jeanett.  Dei skal bli dobbelt så lange før eg kan starte med hælen.