torsdag 26. august 2010

Døtre














Da døtre ble til
Var tanken ganske klar
For døtre har no`i seg
Som ingen andre har
De har et smil så vakkert
Som får hjerter til å slå
De har en herlig latter
Ja, de er så søte så
Derfor har vi døtre
Og vi sier det i kor
Takk for det at nettopp
Du
tok oss til far og mor 
(Ukjent)

                                                    

onsdag 25. august 2010

Strikka jakke

Då blir dette mitt nye strikkeprosjekt, Cecilie vil gjerne ha strikka denne jakka.   I og med at eg er i det strikkeglade hjørnet gleder eg meg til å begynne. 

lørdag 21. august 2010

Cecilie og Theo

Denne veka har vi vore so heldige å få besøk av Cecilie og barnebarnet vårt Theo og det gjekk so altfor fort.  Vi har kosa oss mykje, sjå kor flink han er til å sitje sjølv berre 4 mnd.

torsdag 12. august 2010

Vest


Då er feriehandarbeidet ferdig og når ein brukar pinnar nr. 8, so går det ganske fort å bli ferdig sjølv med litt mønster.  Kleshengaren måtte bli hjelparen, sidan brukaren bur så langt vekk som Sandnes.

mandag 9. august 2010

Pandigutten

Snakk om å ha tatt kvelden, slik blir det etter ein hard arbeidsdag sjølv for ein katt.

søndag 8. august 2010

Rips i hagen

Gjet om eg gleder meg til å sette desse ripsbæra til livs, noke eg alltid har sett fram til er å gå i sin eigen hage og ete bær.  Endeleg har eg fått ein del og for tida er det bringebær som går ned.

Hekla dukar

Hekla dukar som eg hadde tenkt til reolen.  Tråden eg brukte er kjøpt for lenge sidan og eg får ikkje kjøpt same igjen, så det lyt bli med dette.

onsdag 4. august 2010

Pandi den store rovkatten

Pandi på musejakt, her er det ikkje mange som kjem unna så det blei mat i dag og, skulle nesten tru vi sveltefora han. Godt for oss, så slepp vi å få dei inn i husa, reknar med at naboane er heilt eininge.

tirsdag 3. august 2010

Ekorn

Tenkte eg måtte legge ut eit av dei fire bilda eg har sydd.  Var ganske greitt å sy bortsett frå halen, der var litt plukk.