lørdag 31. desember 2011

Godt nytt år

Ønsker alle eit riktig godt nyttår!
 
Godt Nyttår
av Elsa Beskow. Gjendiktet av Inger Hagerup
Kloven tungt i klokken slår:
”Nå er nyttår inne.”
Takk, du kjære gamle år
som så trett på trammen står
og er snart et minne.
Nye år kom med glede, sol og vår
og med takk i sinnet.

fredag 30. desember 2011

onsdag 28. desember 2011

Bilde


Dette var det første bildet eg laga syns det måtte få ein liten plass på bloggen min. 

Elles har forkjølelse inntatt rom hos oss, godt ein har ferie og fri.

mandag 26. desember 2011

Hekla korg


Det har blitt litt handarbeid i jula, har hekla ei lita korg, den har tatt vegen til Sandnes i dag, med ønske om å få minst ein til som er maken til denne. 
Vi får sjå.


fredag 23. desember 2011

onsdag 21. desember 2011

Hekla stjerne


I siste Familien var det oppskrift på hekla stjerne.
Kan brukast som liten duk eller som serviettring.  Tar ein perler i midten blir det eit fint oppheng.


Legg ved oppskrift om nokon vil prøve.
Gull- og sølvstjernene er hekla med dobbelt tråd.
Sett 20 lm i ring med 1 km.
1. omg: Hekle 35 fm i ringen.  Slutt kvar omgang med 1 km i l. m.
2. omg: Hekle 1 fm i 1. fm, 2 lm, 1 dst i neste fm, 1 3-dst i neste fm, 1 4- dst i neste m, 1 lm, 1 km i toppen av 4 dst, 1 3-dst i neste fm, 1 dst i neste fm, 2 lm, 1 fm i neste fm = 1 stjernespiss*, gjenta *-* ut omg = 5 stjernespisser.
Pressing og stiving: Bland like deler vann og sukker, varm opp til alt er sukkeret er smeltet.  Dypp stjernen ned i laken slik at den blir godt gjennomtrukket.  Ta den opp, og nål den fast på et underlag til tørk.


mandag 19. desember 2011


I går var mamma og mormor i akebakken med Theo, veldig skeptisk i starten, men blei ein suksess til slutt.  Gjorde godt for både liten og stor.



Fekk give away gevinsten frå Vanella i dag, kjempelekker smykkepung, tenk å ha slik flaks to ganger.  Tusen takk.

lørdag 17. desember 2011

I dag fekk eg premien for advenst give awayen frå bloggaren bentesquiltehage.blogspot.com. 
Ein nydeleg pose med julemotiv på og forskjellige sortar band.
Tusen takk!

torsdag 15. desember 2011

Hekla korg



Har prøvd meg på ei hekla korg, har sett så mange fine korger på bloggen til barlandobyhand.blogspot.com, og fekk lyst å prøve.

onsdag 14. desember 2011

Give away

treeped.blogspot.com
Give away hos Vanella, ein nydeleg pung.  Kanskje lykka står meg bi ein gong til.

søndag 11. desember 2011

Julebakst


I dag har det blitt bergenske julemenn og kake av kransekakedeig.  Vart kjempegode.
Kanskje nokon har lyst å prøve julemenn, oppskrift kjem her.

75 g Melange margarin
350 g sukker
21/2 dl vatn
3 1/2 ts hornsalt
500 g kveitemjøl
Smelt margarin og ha den i ein bolle saman med sukker og vatn.  Sikt på kveitemjølet med hornsalt og bland raskt sama.  Dekk til og la den stå natta over.  Kjevl ca. 1/2 cm tjukke.
 175 grader midt i ovnen i ca. 8 - 9 minutt.

På lørdag kjøpte vi ny omn som julegave til oss sjølve.



Vottane til Theo er og ferdig, no er det to venstre vottar og to høgre vottar, joda det ordna seg til slutt.

lørdag 10. desember 2011

JULEKALENDER HOS STRIKKEOPPSKRIFT

Ved å gå inn på linken under kjem du inn på julekalenderen til strikkeoppskrift og du kan vinne handarbeidsbøker.

strikkeoppskrift.com




onsdag 7. desember 2011

Strikka vottar



Prøvde meg på vottar til Theo og vottar er noko eg ikkje har forsøkt meg på før.  Eg fann ei oppskrift i eit strikkemagasin eg abonnerar på med fint flettemønster.
Veit ikkje om det syns så godt her, men fletter er det. 
I dag strikka eg andre vott, men maska blei lang då eg såg eg hadde strikka to høgrevottar.

Er det mulig, ja faktisk, syns sjølv eg tenkte speilvendt men alt tyder på noko anna.

Så då blir det to vottepar til Theo.

lørdag 3. desember 2011

Julebakst


Julebaksten er komt i gang, det blei tønsbergsnipper og jammen blei dei god og.  Då er det berre å sette på kaffien og prøvesmake igjen.

Ønsker alle ei rigtig god helg!

torsdag 1. desember 2011

Hekla stjerne


Fann oppskrift på hekla stjerne i siste Norsk Ukeblad og måtte prøve.  Hadde litt glittertråd som eg brukte, i bladet er den kvit.