søndag 31. oktober 2010

Ferieveke på Playa del Ingles

Ja slik var det, sol heile veka, gradestokken viste frå 25 til 29 grader. 
Her står eg framfor hotellet Las Dalias heimreise dagen, eit lite fint hotell som kan anbefalast.  Reint, ikkje trafikkstøy og kort veg til stranda.
Frå ein av dagane på stranda, det var ein del vind, heldigvis vil eg sei.

tirsdag 19. oktober 2010

Vest

Mitt neste prosjekt er ein vest, strikka av puddelgarn.  Går veldig fort å strikke når ein brukar pinnar nr. 15, og har skjønt kva mønsterlagaren har tenkt, det kan vere ei nøtt til tider.  Har strikka bakstykket og er i gang med det eine forstykket.

søndag 17. oktober 2010


Då var vi igjen komt til Sande og striskjorta må på igjen.  Ein herleg sjarmør som det var trist å forlate, snakk om å vere sol nesten heile dagen. Han var eit syn i gensaren og hua som farmor har laga.

lørdag 16. oktober 2010

Husmorferie i Sandnes og Haugesund


Eg har hatt 4 fantastiske dagar med husmorferie, først i Sandnes hos Jeanett og Christian, sidan hos Cecilie, Thomas og Theo.  Då måtte eg nytte meg av å få ta eit bilde til bloggen av brukaren med jakka.

tirsdag 12. oktober 2010

Då er jakka til Cecilie ferdig, det var ikkje den beste oppskrifta å forstå, men slik blei då resultatet.  Kanskje det blir eit bilde av brukaren i etter helga.

søndag 3. oktober 2010

lørdag 2. oktober 2010