lørdag 28. januar 2012


Tenkte eg måtte vise litt av det vi har holdt på med i dag.  Dette er yttergangen, den er veldig liten så det var vanskeleg å ta bilde.
Platene er i caffe latte farge, veldig fin lys farge.


Pandi har og jobba i dag, heilt utslitt slanga ho seg på sofaen.


Ønsker alle ei riktig god helg.

lørdag 21. januar 2012



Amaryllisen min står i full blomst og er så nydeleg.  Andre gang den blomstrar.

Litt strikk har det og blitt, har snart strikka første arm.

Elles har det blitt oppussing av kjellaren, men det gjenstår mykje arbeid.  Eg har til og med klart å banka tommelen, eg skal love at det ikkje var godt.



søndag 15. januar 2012

Strikka jakke


Nytt prosjekt på gang.

Cecilie fann ei jakke i Familien som ho kunne tenkt seg.  Jakka er strikka i garnet Freestyle, 100% ull, så eg vil tru ho blir god og varm.

Eg har strikka nederste del av armen, klokkekanten, remsa over skal syast på denne klokkekanten.

Litt å bryne seg på.



torsdag 12. januar 2012


Ei korg til har blitt til, litt større enn forrige.  Då får det vere slutt på korger for ei stund.


tirsdag 10. januar 2012


Fann eit mønster i siste Familien som eg syns var ganske fint. 

Ein liten feil i oppskrifta gjorde det slik at eg har eigentleg hekla deler av den to ganger.


lørdag 7. januar 2012

Hekla korg


Ei ny korg er blitt til, men trur kanskje den er noke mindre enn den første eg laga.

Slett ikkje dumme desse korgene.

Ha ei fortsatt god helg!



torsdag 5. januar 2012

Lysmansjett


Nokon som lurer på kva dette er?


 Ein heil haug med lysmansjetter, 10 i talet.
Veldig godt å vere ferdig, den 10. var litt seig.


Det gjenstår no å spray stive, så får vi håpe resultatet blir bra.