søndag 1. mai 2011

Gensar

 For tre år sidan var vi i Kalvåg på ferie med seglbåten og skulle vere der nokre dagar.  I mangel på handarbeid, fann eg ein liten garnbutikk.  Utvalet var ikkje stort, men strikk måtte eg ha og enda då opp med garn til denne gensaren.  Var vel ikkje heilt fornøgd, difor har eg ikkje gjort gensaren heilt ferdig, men no ......  Eg har strikka framdelen og bakdelen og har kun armane igjen, så det skulle vere overkommeleg.




Ingen kommentarer: