lørdag 29. januar 2011

Gensar til Theo


Mitt nye strikkeprosjekt, barnehagegensar til Theo.
I går var eg i Bergen for å passe barnebarnet Theo i 3 timar, medan mammaen som var invitert med Gjertrud for feiring av ferdig studium.  Det gjekk veldig fint og vi kosa oss med å gå mykje tur ute og gå å sjå litt i butikkane, ein pause med kanelsnurr vart det og til stor begeistring for Theo, tydeleg at dette var godt.  Ein tur på leikebutikken vart det og, men toget var ikkje so populært som kanelsnurren, trur eg.  Ein uforgløymeleg dag for besta.

2 kommentarer:

Cecilie sa...

Trur Theo kost seg masse ja :-) Toget har vore populært i dag :-) Tvile egentlig ikkje på at han foretrakk mat før leike, han er ganske matglad :-) Irriterer meg berre såå utruleg at eg gløymde å ta bilde av dåke. Dessverre litt seint å gjere noko med. Takk for hjelpen og gleder meg til å sjå gensaren live, trur den blir skikkelig fin.

Ruth sa...

Skal tro hvem som kosa seg mest, og jeg snakker av erfaring,bare så det er sagt. det blir sikkert en fin genser. Hadde vært kos med kanelsnur bilde også. Ha en fin helg. klem Ruth.