søndag 28. oktober 2012

Pute med fletter.

 Ei ny fletta pute er blitt til, Jeanett ville gjerne ha to stk.
 

 
Bak har eg strikka kun riller.
 
Tenkte eg skulle legge ut oppskrifta denne gang.  Veldig enkel pute å strikke.
Oppskrifta fann eg i Familien nr. 19/2011.
 
Eg har brukt Drops Eskimo, men i oppskrifta er det brukt Drops Polaris.
 
Legg opp 44 m på p. 10 (som eg brukte).  Strikk 3 riller (1 rille = 2 pinnar rett).
Deretter 1 pinne rett med 3 m rille i kvar side.
Vidare strikk du slik - frå vranga: 3 m rille, 2 rett, 2 vr, 3 rett, M.1 = sett 3 m på hjelpepinne bak arbeidet, strikk 3 rett og deretter 3 rett frå hjelpepinnnen,  strikk 3 rett,  M.2 = sett 3 m på hj.p. foran arbeidet, strikk 3 rett, strikk 3 rett frå hj.p., strikk 3 rett, M.1 = sette 3 m på hj.p bak arbeidet, strikk 3 rett, 2 vr, 2 rett, 3 m rille.
(Det er 9 med rettstrikk mellom kvar gang du flettar, med unntak av i starten då er det fem rettstrikk før fletting og heilt i slutten er det 4 rettstrikk).
Fortsett med dette mønsteret til arb. måler 46 cm.  (Det er bedre at puten blir kortare enn 46 cm enn lengre).  Strikk 3 riller og fell av.
 
Montering sy delane saman i ytterste ledd av ytterste maske.
 
Håper det blei forståeleg.
 

Viser mønster M1 og M2.
 

4 kommentarer:

snakkemunn sa...

Dette er flotte, luene puter. :-)

Cecilie sa...

Kjempefin pute :-)

Berit sa...

Kjepefin denne også :) Og takk for at du deler!!

Jlsa - mine tidsfordriv sa...

Kjempe fornøgd, gleder meg til å pynte sofaen og stova med putene =)